Topptekst og botntekst

Denne undermenyen inneheld kommandoar for å leggja til og fjerna topptekstar og botntekstar.

Topptekst

Legg til eller fjernar ein topptekst frå sidestilen du vel i undermenyen. Toppteksten vert lagt til på alle sidene som brukar denne sidestilen. I eit nytt dokument vert berre sidestilen «Standard» vist i lista. Andre sidestilar vert lagde til i lista etter kvart som du tar dei i bruk i dokumentet.

Botntekst

Legg til eller fjernar ein botntekst frå sidestilen du vel i undermenyen. Botnteksten vert lagt til på alle sidene som bruker denne sidestilen. I eit nytt dokument vert berre sidestilen «Standard» vist i lista. Andre sidestilar vert lagde til i lista etter kvart som du tar dei i bruk i dokumentet.

Støtt oss!