Innhaldskontroll

Ein innhaldskontroll er ein plasshaldartekst der det gjeldande innhaldet vert byt ut når du trykkje på kontrollen. Innhaldskontrollar er individuelle kontrollar som kan leggjast til og tilpassast for bruk i malar, skjema og dokument. Innhaldskontrollar kan innehalda instruerande tekst og verta sett slik at kontrollane forsvinn når brukarane skriv inn sin eigen tekst.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Skjema → Kontrollelement for innhald.


Innhaldskontrollane har mange eigenskapar og liknar på dei eldre kontrollane, men kan vera enklare å arbeid med og formatera.

Rik tekst

Inneheld brukardefinert formatert tekst eller andre element, for eksempel tabellar, bilete eller andre innhaldskontrollar.

Rein tekst

Ein innhaldskontroll i rein tekst er avgrensa til rein tekst i eitt eller fleire avsnitt. I motsetnad til rik tekst, kan han ikkje innehalda andre element, for eksempel tabellar, bilete eller andre innhaldskontrollar.

Bilete

Inneheld eitt enkelt bilete forankra som tekn. Trykk på innhaldskontrollen for å opna dialogvindauget for å kunna byta ut plasshaldaren for biletet.

Avkryssingsboks

Inneheld eit enkelt avkryssingsboksteikn å samhandla med. Ved å klikka på innhaldskontrollen byter du tilstanden til avkryssingsboksen.

Kombinasjonsboks

Inneheld ei nedtrekksliste med listeoppføringar som du kan velja mellom, og tekstboks som du kan redigera direkte.

Nedtrekksliste

Inneheld ei nedtrekksliste med knappekontrollar med ei liste over visingstekst og verdipar. I motsetnad til i ein kombinasjonsboks, kan brukaren ikkje skriva inn eigendefinerte data i nedtrekkslista.

Dato

Inneheld ein kalenderkontroll. Avgrensar tekst til eitt enkelt avsnitt.

Eigenskapar

Tillet innstilling av ulike eigenskapar på innhaldskontrollen under gjeldande markør.

Støtt oss!