Funksjonalitet i LibreOffice Writer

LibreOffice Writer lèt deg laga og utforma tekstdokument som du kan setja bilete, tabellar og diagram inn i. Du kan lagra dokumenta i mange ulike format, som for eksempel det standardiserte OpenDocument-formatet (ODF), Microsoft Word-formatet (DOC) eller HTML. Du kan òg enkelt eksportera dokument til Adobe sitt portable dokumentformat (PDF).

Skriva

Med LibreOffice Writer kan du laga vanlege dokument, som notat, faksar, brev, referat og fletta dokument, i tillegg til lange og komplekse oppdelte dokument med komplett litteraturliste, referansetabellar, innhaldslister og stikkordregister.

LibreOffice Writer inneheld også nyttige funksjonar som stavekontroll, synonymordbok, autoretting og orddeling i tillegg til mange malar for mange ulike føremål. Du kan også laga dine eigne malar ved hjelp av vegvisarar.

Utforma og strukturera

LibreOffice gjev mange alternativ for utforming av dokument. Bruk Stilhandsamaren for å laga, tildela og endra stilar for avsnitt, individuelle teikn, rammer og sider. I tillegg gjer Dokumentstrukturen det mogleg å flytta seg raskt i dokumentet. Han viser ein disposisjon av dokumentet og ei oversikt over dei objekta som er sette inn i det.

Du kan òg laga ulike register og innhaldslister i tekstdokument. Du kan velja strukturen og utsjånaden til registera og innhaldslistene slik du sjølv vil. Hyperlenkjer og bokmerke lèt deg hoppa rett til element i teksten.

Datatrykking i LibreOffice Writer

LibreOffice Writer inneheld mange publiserings- og teikneverktøy som hjelper deg med å laga profesjonelt utforma dokument, for eksempel brosjyrar, nyhendebrev og invitasjonar. Du kan formatera dokumenta med fleire spalter, rammer, grafikk/bilete,tabellar og andre objekt.

Utrekningar

Tekstdokument i LibreOffice har ein innebygd reknefunksjon som hjelper deg med å utføra utrekningar eller logiske lenkjer. Du kan enkelt laga ein tabell i eit tekstdokument for å gjera utrekningar.

Laga teikningar

Teikneverktøyet i LibreOffice Writer lèt deg laga teikningar, bilete, forklaringar og andre typar teikningar rett i tekstdokumentet.

Setja inn bilete

Du kan setja inn bilete i mange ulike format i eit tekstdokument, også bilete i JPG- og GIF-format. I tillegg tilbyr galleriet ei biletsamling med utklippsbilete og du kan laga flotte skrifteffektar med Fontworkgalleriet.

Fleksibelt brukargrensesnitt

Brukargrensesnittet til programmet er laga slik at du kan endra det til å passa ditt bruk. Dette gjeld òg for menyar og ikon. Du kan plassera programvindauge, som for eksempel stilhandsamaren og dokumentstrukturen, som flytande vindauge kvar som helst på skjermen. Du kan òg festa nokre vindauge til kanten på arbeidsområdet.

Dra og slepp

Med dra og slepp kan du arbeida raskt og effektivt med tekstdokument i LibreOffice. Du kan for eksempel dra og sleppa objekt, slik som bilete frå galleriet, frå ein stad til ein annan i det same dokumentet, eller du kan flytta objekt mellom opne LibreOffice-dokument.

Hjelpefunksjonar

Du kan bruka Hjelpesystemet som eit komplett oppslagsverk for LibreOffice-programma. Her finn du rettleiingar for både enkle og avanserte oppgåver.

Støtt oss!