LibreOffice 25.2 Hjelp
Når ei ramme er vald, viser Rammelinja dei viktigaste funksjonane for formatering og plassering av ramma.
Plasserer objektet på ei eiga linje i dokumentet. Teksten i dokumentet vert lagt over og under objektet, men ikkje ved sidene av det.
Du kan også velja denne innstillinga på fana Skift.
Bryt teksten på alle fire sidene av objektramma.
Dette ikonet representerer innstillinga Sideskift på fana Skift-.
Set objektet framføre teksten.
Du kan også definera denne innstillinga på fana Skift.
Juster venstrekantane på dei merkte objekta. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert venstrekanten på objektet justert til venstremargen på sida.
Midtstiller objekta langs ei vassrett linje. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert midten av objektet justert til det vassrette midtpunktet på sida.
Justerer høgrekantane på dei merkte objekta. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert høgrekanten på objektet justert til høgremargen på sida.
Juster dei øvre hjørna på dei merkte objekta langs ei loddrett linje. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert toppkanten til objektet justert i høve til toppmargen på sida.
Midtstiller dei merkte objekta loddrett. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert midten av objektet justert i høve til den loddrette midtlinja på sida.
Juster dei nedre hjørna på dei merkte objekta langs ei loddrett linje. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert den nedre kanten til objektet justert i høve til botnmargen på sida.
Trykk på knappen Kantlinjer for å opna verktøylinja for kantlinjer. Der kan du endra kantlinjene til eit ark eller objekt.
Trykk på knappen Kantlinjefarge for å opna verktøylinja for kantlinjefarge, som let deg endra kantlinjefargen på eit objekt.
Trykk for å opna ei verktøylinje der du kan velja ein bakgrunnsfarge for eit avsnitt. Fargen kan setjast inn i det gjeldande avsnittet eller i merkte avsnitt.
Set inn ei ramme som du kan bruka til éi eller fleire spalter med tekst og objekt.
Let deg byta mellom ulike måtar å forankra eit objekt til dokumentet på.
Koplar den merkte ramma til neste ramme. Teksten vil automatisk flyta frå den eine ramma til den neste.
Bryt koplinga mellom to rammer. Du kan berre bryta den koplinga som går frå den valde ramma til målramma.