Rediger formel

Opnar Formellinja for å laga og setja inn utrekningar i eit tekstdokument.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Tabell → Rediger formel.

Frå sprettoppmenyen:

Vel Rediger formel.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Tabell → Rediger formel.

Frå verktøylinjer:

Ikon Rediger formel

Rediger formel

Frå tastaturet:

F2

Frå sidepanelet:

Trykk Rediger formel i området Ymse i panelet Tabell i sidepanelet Eigenskapar.


Cellereferanse

Viser kvar i ein tabell celleskrivemerket er plassert

Formel

Opnar ein undermeny som du kan bruka til å setja inn ein formel i ei tabellcelle. Plasser skrivemerket i ei tabellcelle eller på den staden i dokumentet der du vil at resultatet skal visast. Trykk på knappen Formel og vel den formelen du ønskjer frå undermenyen.

Formel-ikon i verktøylinja Tabell

Formel

Avbryt

Tømmer skrivefeltet for innhald og lukkar formellinja.

Ikon

Avbryt

Bruk

Overfører innhaldet frå skrivefeltet til dokumentet og lukkar formellinja. Innhaldet i skrivefeltet vert sett inn ved skrivemerket i dokumentet.

Ikon Bruk

Bruk

Formelområde

Lèt deg laga ein formel ved å skriva han direkte inn, eller ved å trykkja på ikonet Formel for å visa formlane i ein undermeny.

Formelområde med formel

Formelområde

Støtt oss!

Støtt oss!