Slå på JavaScript i nettlesaren for å visa hjelpesidene for LibreOffice.
Førehandsvis sida
Verktøylinja for førehandsvising av sida vert opna når du førehandsviser eit dokument.
Viser éi side om gongen i førehandsvisingsvindauget.
Vis to sider om gongen i førehandsvisinga. Oddetalssidene vert alltid viste til høgre, og partalssidene til venstre.
Merk av for denne for å visa den første sida til høgre i førehandsvisinga for utskrift. Er denne ikkje avmerkt, vert den første sida vist til venstre i førehandsvisinga.
Vel kor mange sider som skal visast på ein gong. Trykk på pila ved sida av knappen for å velja kor mange rader og kolonnar med sider som skal visast.
Førehandsvis fleire sider
Gå til første sida i dokumentet. Denne funksjonen kan berre brukast når du har vald Førehandsvis side i Fil -menyen.
Til byrjinga av dokumentet Første side
Gå tilbake til førre side i dokumentet. Denne funksjonen kan berre brukast når du har vald Førehandsvis side i Fil -menyen.
Gå til bestemt side
For å gå til ei bestemt side i førehandsvisinga, skriv inn sidenummeret i innskrivingsfeltet, og trykk deretter Enter .
Gå vidare til neste side i dokumentet. Denne funksjonen kan berre brukast når du har vald Førehandsvis side i Fil -menyen.
Gå til siste sida i dokumentet. Denne funksjonen kan berre brukast når du har vald Førehandsvis side i Fil -menyen.
Til slutten av dokumentet Siste side
Forminskar forstørringsfaktoren for den gjeldande dokumentvisinga.
Vel kor mykje førehandsvisinga skal forstørrast eller forminskast.
Aukar forstørringsfaktoren for gjeldande dokumentvising.
Viser eller gøymer menyane og verktøylinjene i Writer og Calc. Trykk på Fullskjerm eller trykk på Escape -tasten for å gå ut av fullskjerm-visinga.
Skriv ut
Opnar dialogvindauget for utskriving.
Lukk førehandsvisinga
Avslutt førehandsvisinga.