LibreOffice 26.2 Hjelp
Formateringslinja inneheld mange funksjonar dor tekstformatering.
Vel om dialogvindauget for stilar skal visast eller gøymast. Der kan du også tildela og organisera stilar.
Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.
Du kan skriva inn fleire skrifttypar, skilde med semikolon. Dersom den første skrifttypen ikkje finst, prøver LibreOffice dei neste skrifttypane i rekkjefølgje.
Du kan velja mellom ulike skriftstorleikar frå denne lista, eller du kan skriva inn storleiken manuelt.
Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.
Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.
Viss tekstmarkøren ikkje er inne i eit ord, og ingen tekst er markert, vert skriftstilen brukt på den nye teksten du skriv inn.
Blokkjusterer det/dei valde avsnittet/avsnitta til begge margane. Du skal også kunna setja opp justeringsinnstillingar for den siste linja i eit avsnitt ved å velja Format → Avsnitt → Justering.
Reduserer venstreinnrykket i det gjeldande avsnittet eller celleinnhaldet og set det til førre standard tabulatorsetjing.
Aukar venstreinnrykket i det gjeldande avsnittet eller celleinnhaldet og set det til neste standard tabulatorsetjing.
Set skriftfargen for den gjeldande cella eller dei merkte cellene.
Set fargen for den merkte teksten. Klikk for å bruka den gjeldande skriftfargen på dei merkte teikna eller på ordet som markøren er over.
Viss du vel Automatisk, vert tekstfargen sett til svart for lyse bakgrunnar og til kvit for mørke bakgrunnar.
Trykk for å opna ei verktøylinje der du kan velja ein bakgrunnsfarge for eit avsnitt. Fargen kan setjast inn i det gjeldande avsnittet eller i merkte avsnitt.
Aukar skriftstorleiken på den valde teksten.
Minkar skriftstorleiken på den valde teksten.
Dersom CTL-støtte (kompleks tekst) er slått på, vil to ekstra ikon vera synlege.
Teksten som er formateret i eit språk med kompleks tekstutforming vert skrive frå høgre mot venstre.
