LibreOffice 24.2 Hjelp
Dette er ei oversikt over verktøylinjene i LibreOffice Writer.Dette er ei oversikt over standardoppsettet til verktøylinjene i LibreOffice.
Verktøylinja Punkt og nummerering inneheld funksjonar for å endra strukturen for listeavsnitt, også for å endra rekkjefølgja og listenivået.
Teiknelinja inneheld ofte brukte redigeringsverktøy. Trykk på pila ved sida av eit ikon for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire funksjonar.
Teikneobjektlinja, som vert vist når eit teikneobjekt er valt, inneheld funksjonar for redigering og plassering av teikneobjekt.
Verktøylinja Kontrollelement for skjema eller undermenyen inneheld verktøy du treng for å laga interaktive skjema. Du kan bruka verktøylinja for å laga kontrollelement i eit skjema i ein tekst, ei teikning, eit rekneark, ein presentasjon eller eit HTML-dokument, for eksempel ein knapp for å køyra ein makro.
Navigasjonslinja for skjema inneheld ikon for redigering av databasetabellar og styring av datavisinga. Verktøylinja vert vist nedst i dokument som inneheld felt som er knytte til ein database.
Når ei ramme er vald, viser Rammelinja dei viktigaste funksjonane for formatering og plassering av ramma.
LibreLogo er eit enkelt Logo-liknande programmeringsmiljø med vektorbasert skjelpaddegrafikk for å læra programmering og teksthandsaming, DTP og grafisk utforming. Sjå meir om dette på http://www.numbertext.org/logo/librelogo.pdf.
Verktøylinja for brevfletting inneheld kommandoar for dei siste stega i flettingsprosessen.
OLE-objekt-linja vert vist når eit objekt er merkt. Ho inneheld dei viktigaste funksjonane for formatering og plassering av objekt.
Tabellinja inneheld funksjonar for arbeid med tabellar. Linja vert vist når du flyttar skrivemerket til ein tabell.
Inneheld formateringsfunksjonar for tekst i teikneobjekt. Tekstobjektlinja vert vist når du dobbeltklikkar inni eit teikneobjekt.
Inneheld ei liste over tilgjengelege kommandoar for å spora endringar i ei fil.
Klassifikasjonslinja inneheld verktøy for å sikra handsaminga av dokumentet.
Verktøylinja for klassifisering inneheld listeboksar som hjelper deg å setja tryggingsnivå for dokumentet i høve til BAF-kategoriretningslinjene ogBAILS-nivå. LibreOffice legg til tilpassa felt i dokumenteigenskapane (Fil → Eigenskapar, fana for tilpassa eigenskapar) for å lagra klassifiseringsretningslinjene som metadata for dokumentet.