Skjema

Inneheld kommandoar for å slå på modus for utforming av skjema, slå av og på kontrollvegvisaren og setja inn skjemakontrollelement i dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Skjema.


Utformingsmodus

Slår utformingsmodus av og på. Denne funskajonen vert brukt for raskt å kunna velja mellom Utforming- og brukarmodus. Slå på for å redigera kontrollelementa i skjemaet, slå av for å bruka kontrollelementa.

Vegvisar for kontrollelement

Vel om vegvisaren skal starta automatisk når det vert sett inn eit nytt kontrollelement. Denne innstillinga gjeld globalt for alle dokument.

Merkelappfelt

Ikon Etikettfelt

Lagar eit felt for vising av tekst. Desse etikettane er berre for førehandsinnskriven tekst. Du kan ikkje skriva inn noko i desse felta.

Tekstfelt

Ikon Tekstfelt

Lagar eit tekstfelt. Tekstfelt er felt som brukaren kan skriva inn tekst i. I skjema viser teksfelt data eller let deg skriva inn nye data.

Avkryssingsboks

Ikon Avkryssingsboks

Lagar ein avkryssingsboks. Avkryssingsboksar let deg slå på eller av ein funksjon i eit skjema.

Valknapp

Ikon Valknapp

Lagar ein valknapp. Valknappar let brukaren velja mellom fleire alternativ. Valknappar med same funksjon får same namn (Namneigenskap). Vanlegvis får dei ei grupperingsramme.

Listeboks

Ikon listeboks

Lag ein listeboks. Ein listeboks lèt brukaren velja ei oppføring frå ei liste. Dersom skjemaet du lagar er knytt til ein database, og databasekoplinga er aktiv, vil Listeboksvegvisaren automatisk starta etter at listeboksen er sett inn i dokumentet. Vegvisaren vil hjelpa deg med å laga ferdig listeboksen.

Kombinasjonsboks

Ikon Kombinasjonsboks

Lagar ein kombinasjonsboks. Ein kombinasjonsboks er ein ei-linjes listeboks med ei nedtrekksliste som du kan bruka for å velja eit alternativ. Du kan setja kombinasjonsboksen til å vera «skriveverna», slik at brukarane ikkje kan leggja til andre oppføringar enn dei som er i lista frå før. Viss skjemaet er kopla til ein database, og databasekoplinga er aktiv, vil Kombinasjonsboksvegvisaren automatisk starta etter at kombinasjonsboksen er sett inn i dokumentet.

Trykknapp

Ikon Trykknapp

Lagar ein knapp som kan trykkjast på. Denne funksjonen kan brukast for å utføra kommandoar for ei særskild hending, som for eksempels eit museklikk.

Du kan leggja tekst og bilete på desse knappane.

Biletknapp

Ikon Biletknapp

Lagar ein knapp som vert vist som eit bilete. Bortsett frå sjølve biletet, har ein biletknapp dei same eigenskapane som ein vanleg knapp.

Formatert felt

Ikon Formatert felt

Lag eit formatert felt. Eit formatert felt er eit tekstfelt der du kan avgjera korleis inndata og utdata skal formaterast, og kva grenseverdiane skal vera.

Formaterte felt har spesielle eigenskapar (vel Format → Kontrollelement).

Fleire felt

Dato-, klokkeslett-, nummer-, valuta- og skjemamønsterfelt.

Gruppeboks

Ikon Gruppeboks

Lagar ei ramme for å gruppera fleire kontrollelement. Grupperingsrammer let deg gruppera valknappar i ei ramme.

Dersom du set inn ei grupperamme i dokumentet, startar Vegvisaren for gruppeelement. Der kan du enkelt laga ei valgruppe.

Merk: Når du drar ein gruppeboks over kontrollelement som finst frå før, og så vil velja eit kontrollelement, må du først opna oppsettsmenyen til gruppeboksen og velja Still opp → Flytt bakarst. Deretter vel du kontrollelementet medan du held nede .

note

Gruppeboksar er berre til pynt. Du kan gruppera valfelt funksjonelt saman ved å bruka same namn på dei i eigenskapen Namn.


Biletfelt

Ikon Biletkontroll

Lag eit biletfelt. Kontrollelementet kan berre brukast til å leggja til bilete frå ein database. Dobbeltklikk på eit av kontrollelementa i skjemadokumentet for å opna dialogvindauget Set inn bilete. Det finst òg ein sprettoppmeny (ikkje i teiknemodus) med kommandoar for å setja inn og sletta bilete.

Bilete frå ein database kan visast i skjema og nye bilete kan setjast inn i databasen så lenge biletfeltet ikkje er skrivesperra. Kontrollelementet må visa til eit databasefelt av bilettypen. Dette kan du velja på fana Data i eigenskapane.

Filval

Ikon Filutval

Lagar ein knapp for filval.

Tabellelement

Ikonet Tabellkontroll

Lagar eit tabellelement som viser ein databasetabell. Dersom du lagar eit nytt tabellelement, opnar Vegvisaren for tabellelement seg.

Spesielle merknadar om tabellelement.

Navigasjonslinje

Ikon Navigasjonslinje

Lagar ei navigasjonslinje.

Med ei navigasjonslinje kan du gå fram og tilbake mellom postar i ein database eller eit databaseskjema. Knappane på denne navigasjonslinja verkar på same måte som knappane på den vanlege navigasjonslinja i LibreOffice.

Eigenskapar for kontrollelement

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera eigenskapane for eit merkt kontrollelement.

Skjemaeigenskapar

I dette dialogvindauget kan du mellom anna velja datakjelde og hendingar for heile skjemaet..

Skjemastruktur

Opnar dialogvindauget for skjemastruktur. Vindauget viser alle skjema og underskjema i dokumentet saman med dei kontrollelementa som høyrer til.

Aktiveringsrekkjefølgje

Opnar dialogvindauget Tabulatorrekkjefølgje slik at du kan endra kva rekkjefølgje kontrollfelta får fokus i når brukaren trykkjer på tabulatortasten.

Opna i utformingsmodus

Opnar skjema i utformingsmodus slik at dei kan redigerast.

Automatisk fokus på kontrollelement

Innhaldskontroll

Ein innhaldskontroll er ein plasshaldartekst der det gjeldande innhaldet vert byt ut når du trykkje på kontrollen. Innhaldskontrollar er individuelle kontrollar som kan leggjast til og tilpassast for bruk i malar, skjema og dokument. Innhaldskontrollar kan innehalda instruerande tekst og verta sett slik at kontrollane forsvinn når brukarane skriv inn sin eigen tekst.

Støtt oss!