Stilar

Inneheld kommandoar for å bruka, laga, redigera, oppdatera, lasta inn og handsama stilar i eit tekstdokument.

Tekststiloppføringar

Oppføringane inneheld dei mest brukte stilane for avsnitt, teikn og lister. Trykk på ein stil for å bruka han.

Tipsikon

Du kan tilpassa lista med stiloppføringar ved hjelp av menyen Verktøy → Tilpass. Fordi tilpassa stilar høyrer til det gjeldande dokumentet, må du hugsa på å lagra den tilpassa menyen i dokumentet.


Rediger stil

Opnar dialogvindauget for avsnittsstilar for det gjeldande avsnittet.

Oppdater stil

Opdater avsnittsstilen med den direkte formateringa som er brukt i det gjeldande avsnittet.

Ny stil

Legg til ein avsnittsstil med dei same innstillingane som er brukte i den gjeldande markeringa. Du vert beden om å skriva inn eit stilnamn.

Lasta inn stilar

Importer stilar frå eit anna dokument eller ein anna mal til det gjeldande dokumentet.

Handsama stilar

Opnar stilfana i sidepanelet.

Støtt oss!