Verktøy
Innehelder staveverktøy, redigeringsalternativ, vegvisar for brevfletting, makroar, utviklingsverktøy, utvidingshandsaming og verktøy for å setja opp og tilpassa menyar og setja opp programinnstillingar.
Sjekkar stavinga manuelt.
Utfører stavekontroll automatisk medan du skriv og set strek under feil.
Byt ut ordet med eit synonym eller eit relatert uttrykk.
Opnar ein undermeny der du kan velja språkbestemte kommandoar.
Tel ord og teikn, med eller utan mellomrom, i den gjeldande markeringa og i heile dokumentet. Teljinga er til ei kvar tid oppdatert og vil endra seg når du skriv inn eller endrar utvalet.
Sjå gjennom vanlege tilgjengeproblem i dokument og i støtte for PDF/UA-spesifikasjonar i dialogvindauget for PDF.
Lag, rediger eller set inn autotekst. Du kan lagra formatert tekst, tekst med bilete, tabellar og felt som autotekst. Dersom du vil setja inn tekst effektivt, trykk snøggtasten for autotekst og så «F3».
Lèt deg laga eit biletkart med lenkjeområde (hotspots) i eit bilete eller ei gruppe av bilete. Eit biletkart er eit bilete med ulike område som kan lenkjast til kvar sine adresser.
Sladding av eit dokument blokkerer ord eller delar av dokumentet for autorisert bruk eller vising.
Bruk automatisk sladding for å definera ord og mønster som automatisk vert merkte for sladding.
Vel nummereringsskjema og disposisjonsformat for kapittelnummerering i det gjeldande dokumentet.
Legg til eller fjernar og formaterer linjenummer i det gjeldande dokumentet. Du kan halda eit avsnitt unna linjenummereringa ved å setja skrivemerket i avsnittet, velja Format → Avsnitt, trykkja fana Disposisjon og nummerering og fjerna merket i avkryssingsboksen Ta med dette avsnittet i linjenummereringa.
Vert brukt for å bestemma korleis fotnotar og sluttnotar skal visast.
Opnar vegvisaren for brevfletting, der du kan laga fletta skjemabrev eller senda e-post til mange mottakarar.
Set inn, slettar, endrar og organiserer oppføringar i litteraturdatabasen.
Redigerer datakjelda og tildelinga av felt i adresseboka.
Oppdaterer element med dynamisk innhald i det gjeldande dokumentet, mellom anna felt og register.
Slår skrivevernet for felt og bokmerke i dokumentet av eller på.
Reknar ut formelen og kopierer resultatet til utklippstavla.
Sorterer dei valde avsnitta eller tabellradene alfabetisk eller numerisk. Du kan velja opptil tre sorteringsnøklar og i tillegg kombinera sortering med tal og bokstavar.
Let deg ta opp eller organisera og redigera makroar.
Utvidingshandteraren kan leggja til, fjerna, kopla på eller av og oppdatera LibreOffice-utvidingar.
Tilpass LibreOffice menyar, sprettoppmenyar, snartastar, verktøylinjer og makrotildelingar til hendingar.
Dette menyvalet opnar eit dialogvindauge for oppsett av programmet.