Format

Inneheld funksjonar du kan bruka til å endra utforminga av og innhaldet i dokumentet.

Tekst

Opnar ein undermeny der du kan velja kommandoar for tekstformatering.

Avstand

Opnar ein undermeny der du kan velja kommandoar for tekstavstand.

Juster tekst

Opnar ein undermeny der du kan justera tekst og objekt.

Formatpensel

Merk noko tekst eller eit objekt og trykk på denne knappen. Klikk på eller dra over ein annan tekst, eller klikk på eit objekt, for å bruka den same formateringa.

Standardformatering

Fjernar direkte formatering frå utvalet.

Teikn

Endrar skrifta og skriftformateringa til teikna.

Avsnitt

Endrar formateringa av avsnittet, slik som innrykk og justering.

Lister

Opnar ein undermeny der du kan endra formateringa av listeavsnitt,

Punkt og nummerering

Legg nummerering eller punktmerking til det gjeldande avsnittet eller merkte avsnitt og let deg redigera formatet på nummereringa eller punktmerkinga.

Sidestil

Bestemmer formateringsstilane og utsjånaden til den gjeldande sidestilen medrekna margar, topp- og botntekst og sidebakgrunnen.

Tittelside

Opnar eit dialogvindauge der du kan utforma ei tittelside.

Merknadar

Når merknadar er tilgjengelege er også dialogvindauget for teikn tilgjengeleg. Endringar av skrifttype og/eller formatering vert brukt i alle merknadane.

Asiatisk-fonetisk hjelp

Gjer at du kan leggja til merknadar til asiatiske teikn for å visa korleis orda skal uttalast.

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

Spalter

Viser talet på kolonnar og kolonneoppsettet for ein sidestil, ei ramme eller ein bolk.

Vassmerke

Set inn ein vassmerketekst i bakgrunnen for den gjeldande sidestilen.

Bolkar

Endrar eigenskapane til dei valde bolkane i dokumentet. Viss du vil setja inn ein bolk, kan du merkja teksten eller klikka i dokumentet og velja Set inn → Bolk.

Bilete

Formater storleik, plassering og andre eigenskapar til det valde biletet.

Tekstboks og form

Opnar ein undermey slik at du kan endra eigenskapane til den valde tekstboksen eller den valde forma.

Ramme og objekt

Opnar ein undermeny der du kan setja eller fjerna lenkjer og endra innstillingane for ei merkt ramme.

Namn

Gjev det valde objektet eit namn slik at du raskt kan finna det i dokumentstrukturen.

Skildring

Tilordnar eit tekstalternativ og ei skildring til det valde objektet. Desse tekstane er tilgjengelege som alternative taggar i dokumentet for bruk av tilgjengeverktøy. Dei er også tilgjengelege som kodar for bilete når du eksporterer dokumentet.

Anker

Vel forankringsinnstillingane for det merkte objektet.

Tekstbryting

Vel korleis teksten skal flyta rundt objekt. Du kan òg tilpassa avstanden mellom teksten og objektet.

Still opp

Endrar lag-rekkjefølgja i dei valde objekta.

Roter eller spegelvend

Opnar ein undermeny der du kan rotera og spegelvenda ei merkt form eller eit merkt bilete. Tekstboksar kan berre roterast.

Grupper

Grupper held saman valde objekt slik at dei kan flyttast eller formaterast som eitt objekt.

Støtt oss!