Set inn

Menyen «Set inn» inneheld kommandoar for å setja inn nye element i dokumentet. Dette inkluderer bilete, media, diagram, objekt frå andre program, hyperlenkjer, merknadar, symbol, fotnoter og bolkar.

Sideskift

Set inn eit manuelt sideskifte ved markøren og flytter markøren til byrjinga av neste side.

Fleire skift

Undermeny med ekstra rad-, kolonne- og sideskift

Bilete

Opnar eit dialogvindauge for val av filer for å setja inn eit bilete i det gjeldande dokumentet.

Diagram

Set inn eit diagram basert på data frå ei celle, eit tabellområde eller med standarddata..

Media

Undermenyen inneheld ulike kjelder bilete, audio og video kan setjast inn frå.

OLE-objekt

Set eit innebygd eller lenkja objekt inn i dokumentet, inkludert formlar, QR-kodar og OLE-objekt.

Form

Denne undermenyen inneheld vanlege former som linje, sirkel, trekant, kvadrat eller symbolformer som smilefjes, hjarta og blomar som kan setjast inn i dokumentet.

Bolk

Set inn ein tekstbolk ved skrivemerket i dokumentet. Du kan også merkja ei tekstblokk og velja denne kommandoen for å laga ein bolk. Du kan nytta bolkar til å setja inn tekstblokker frå andre dokument, eller leggja til eigendefinerte spalteoppsett. Det er også mogleg å verna eller gøyma tekstblokker om eit vilkår er fylt.

Tekst frå fil

Set inn innhaldet av eit anna dokument i gjeldande dokument ved markøren.

Tekstfelt

Teiknar ein tekstboks med vassrett tekstretning der du dreg i dokumentet. Dra ein tekstboks til den storleiken du vil ha, kor som helst i dokumentet, og skriv eller lim inn teksten. Du kan rotera teksten ved å rotera tekstboksen.

Merknad

Set inn ein merknad rundt den merkte teksten, presentasjonslysbilete, teikneside eller der markøren er i eit rekneark.

Set inn ramme

Denne undermenyen inneheld både ein interaktiv og ein ikkje-interaktiv måte å setja inn ei ramme på.

Fontwork

Opnar dialogvindauget for Fontwork slik at du kan setja inn tekstutformingar som ikkje er tilgjengelege i standardformateringane for tekst.

Bilettekst

Legg til ein nummerert bilettekst til eit valt bilete, tabell, ramme, tekstramme eller teikning. Du finn òg denne kommandoen ved å høgreklikka på det elementet du vil leggja teksten til.

Dialogvindauge for hyperlenkjer

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera hyperlenkjer.

Bokmerke

Set inn eit bokmerke ved markørposisjonen. Du kan seinare bruka dokumentstrukturen for å raskt hoppa til den merkte staden. I eit HTML-dokument vert bokmerke konverterte til anker som du kan gå til frå ei hyperlenkje.

Kryssreferansar

Her set du inn referansar eller refererte feil i dokumentet. Referansar er refererte felt i det same dokumentet eller i deldokument i eit hovuddokument.

Spesialteikn

Gjer at brukaren kan setja inn teikn frå eit område med symbol funne i dei installerte skrifttypane.

Formateringsteikn

Opnar ein undermeny for å setja inn spesielle formateringsteikn som hardt mellomrom, mjuk bindestrek og mjukt linjeskift.

Vassrett linje

Set inn ei vassrett linje der skrivemerket er plassert.

Fotnote og sluttnote

Menyen inneheld kommandoar for å setja inn ein fotnote eller ein sluttnote med eller utan ekstra brukarhandsaming.

Innhaldsliste og register

Opnar menyen for å setja inn indeks- eller litteraturoppføring og set inn innhaldsliste, indeks og/eller litteraturliste

Vegvisar for sidetal

Bruk denne kommandoen for raskt å setja inn eit sidetal i topp- eller botnteksten for den gjeldande sidestilen.

Felt

Undermenyen lister ut dei mest brukte felttypane som kan setjast inn i eit dokument der markøren står. For å sjå alle tilgjengelege felt, velFleire felt.

Topptekst og botntekst

Denne undermenyen inneheld kommandoar for å leggja til og fjerna topptekstar og botntekstar.

Konvolutt

Lag ein konvolutt. På tre faner kan du oppgje avsendar og mottakar, plassering og formatering av begge adressene, storleiken på konvolutten og utskriftsretninga.

Signaturlinje

Set inn ein grafisk boks som representerer ei signaturlinje for dokumentet.

Støtt oss!