Vis

Denne menyen inneheld kommandoar for å kontrollera visinga av dokumentet på skjermen, endra brukargrensesnittet og få tilgang til sidepanela.

Normalutforming

Viser korleis dokumentet vil sjå ut når du skriv det ut.

Vevoppsett

Viser dokumentet slik det vil sjå ut i ein nettlesar. Dette er nyttig når du lagar HTML-dokument.

Brukargrensesnitt

Opnar dialogvindauget Vel det brukargrensesnittet du vil bruka for å velja ønskt grensesnitt slik at du kan velja utforminga av grensesnittet for LibreOffice.

HTML-kjelde

Viser kjeldeteksten til gjeldande HTML-dokument. Denne visinga er tilgjengeleg når du lagar eit nytt HTML-dokument eller opnar eit tidlegare lagra dokument.

Verktøylinjer

Opnar ein undermeny for å visa eller gøyma verktøylinjer. Ei verktøylinje inneheld knappar og val som gjer det lett å bruka LibreOffice-kommandoar.

Statuslinja

Viser eller gøymer statuslinja nedst i vindauget.

Linjalar

Syner ein undermeny der du kan visa eller gøyma dei vassrette og loddrette linjalane.

Rullefelt

Viser eller gøymer dei vassrette og loddrette rullefelta som vert brukte for å endra det synlege dokumentområdet som det ikkje er plass til i vindauget.

Rutenett og hjelpelinjer

Slår rutenettet og hjelpelinjene av og på for å gjera det enklare å flytta og plassera objekt nøyaktig på sida.

Formateringsmerke

Viser teikn i teksten som ikkje vert skrivne ut. Dette kan vera teikn som avsnittsmerke, linjeskift, tabulatorinnrykk og mellomrom.

Tekstgrenser

Vis eller gøym grensene for området av sida som kan skrivast ut. Desse grenselinjene vert ikkje skrivne ut.

Tabellgrenser

Viser eller gøymer kantlinjene rundt tabellceller som det ikkje er sett inn kantlinjer rundt. Kantlinjene er berre synlege på skjermen og vert ikkje skrivne ut.

Bilete og diagram

Gøymer eller viser grafiske objekt som bilete og diagram i eit dokument.

Vis blankteikn

Viser dokumentet med topp- og botnmargar, topp- og botntekst og eit mellomrom mellom sidene. Fjern merket for å falda saman alle elementa ovanfor og visa dokumentet i ein samanhengande sidestraum. Mellomromma kan gøymast berre i enkeltsidevisinga.

Vis sporingsendringar

Viser eller gøymer lagra endringar.

Vis eller gøym merknadar til dokumentet og svara på merknadane.

Løyste merknadar

Vis eller gøym løyste merknadar.

Feltskugge

Viser eller gøymer feltskuggar, inkluderte harde mellomrom, mjuke bindestrekar, register og fotnotar.

Feltnamn

Byt mellom å visa feltnamn og feltinnhald i visinga av felt. Dersom det er kryssa av her, vert feltnamna viste. Viss ikkje, vert innhaldet vist. I nokre tilfelle kan ikkje feltinnhaldet visast.

Felt: Gøymde avsnitt

Viser eller gøymer gøymde avsnitt. Denne innstillinga påverkar berre skjermvisinga av gøymde avsnitt, ikkje utskrifta.

Sidepanel

Sidepanelet er eit loddrett grafisk brukargrensesnitt som først og fremst vert brukt for å setje kontekstuelle eigenskapar, stilhandsaming, vise dokumentstrukturen, vise mediegalleriet og fleire funksjonar.

Handsama stilar

Med stilhandsamaren kan du bruka, laga, redigera, leggja til og sletta formateringsstilar. Du kan ta i bruk ein stil ved å dobbeltklikka han.

Galleriet

Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.

Navigator

Visar eller gøymer vindauget for dokumentstruktur slik at du raskt kan gå til ulike delar av dokumentet.

Datakjelder

Viser ei liste over databasar som er registrerte i LibreOffice og let deg handsama innhaldet i databasane.

Fullskjerm

Viser eller gøymer menyane og verktøylinjene i Writer og Calc. Trykk på Fullskjerm eller trykk på Esc-tasten for å gå ut av fullskjerm-visinga.

Skalering

Opnar dialogvindauget Skaler og vis oppsett slik at du kan setja forstørringsfaktoren for visinga av det gjeldande dokumentet.

Støtt oss!