Telje ord

  1. Talet på ord og teikn vert vist på statuslinja og vert oppdatert etter kvart som du skriv.

  2. Talet på ord og teikn i ein bolk vert viste i navigatoren som ei hjelpeboble når musepeikaren er over namnet på denne bolken.

  3. Viss du vil telja ord berre i eit bestemt område av dokumentet, må du merkja det ønskte tekstområdet.

  4. For å visa meir statistikk, som talet på teikn utanom mellomromma, dobbeltklikk på ordteljinga på statuslinja og vel Verktøy → Ordteljing.

Korleis tel LibreOffice ord?

Til vanleg er kvar teiknstreng mellom to mellomrom eit ord. Også tankestrekar, linjeskift og avsnitt er avgrensingar mellom ord.

Ord som alltid inneheld ein synleg delestrek, som plug-in og neste/førre, vert rekna som eitt ord.

Orda kan vera ei blanding av bokstavar, tal og spesialteikn. Den følgjande teksten vert såleis tald som fire ord: abc123 1.23 "$" http://www.example.com.

For å leggja til eit sjølvvald teikn som skal sjåast på som ei ordgrense, vel → LibreOffice Writer → Generelt og legg til teiknet i Fleire skiljeteikn-feltet. Som standard inneheld dette feltet ein lang tankestrek (—) og ein tankestrek (–).

Tipsikon

For å få fleir statisiske opplysningar om dokumentet, vel Fil → Eigenskapar → Statistikk i filutforskaren.


Støtt oss!