LibreOffice 24.8 Hjelp
Talet på ord og teikn vert vist på statuslinja og vert oppdatert etter kvart som du skriv.
Viss du vil telja ord berre i eit bestemt område av dokumentet, må du merkja det ønskte tekstområdet.
For å visa meir statistikk, som talet på teikn utanom mellomromma, dobbeltklikk på ordteljinga på statuslinja og vel Verktøy → Ordteljing.
Til vanleg er kvar teiknstreng mellom to mellomrom eit ord. Også tankestrekar, linjeskift og avsnitt er avgrensingar mellom ord.
Ord som alltid inneheld ein synleg delestrek, som plug-in og neste/førre, vert rekna som eitt ord.
Orda kan vera ei blanding av bokstavar, tal og spesialteikn. Den følgjande teksten vert såleis tald som fire ord: abc123 1.23 "$" http://www.example.com.
For å leggja til eit tilpassa teikn som skal brukast som ordskilje, vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Generelt og skriv inn ønskt skiljeteikn i feltet Fleire skiljeteikn.
For å få fleir statisiske opplysningar om dokumentet, vel Fil → Eigenskapar → Statistikk i filutforskaren.