LibreOffice 25.2 Hjelp
Ønskjer du at LibreOffice automatisk skal fullføra ord du ofte brukar, kan du tilpassa denne funksjonen etter eigne behov. Du kan også lagra den gjeldande lista med oppsamla ord slik at du kan bruka ho i neste økt.
For å fininnstilla ordfullføringa vel du
og vel ein av desse:Vel Legg til mellomrom.
Mellomromsteiknet vert lagt til etter du har skrive det første teiknet i ordet som kjem etter det automatisk fullførte ordet. Mellomromsteiknet vert ikkje lagt til dersom det neste teiknet er eit skiljeteikn, som for eksempel eit punktum eller eit linjeskift.
Vel tasten du skal bruka for å godkjenna ordforslaget i nedtrekkslista Godta med.
Bruk feltet Minste ordlengd for å setja kor mange teikn eit ord må ha for å verta registrert i lista.
Fjern merkinga framføre Fjern orda som er samla frå dokumentet frå lista når du lukkar dokumentet.
No gjeld lista også i andre dokument du opnar. Når du lukkar det siste LibreOffice-dokumentet, vert ordlista sletta.
Dersom du ikkje kryssar av for dette, gjeld lista berre så lenge det gjeldande dokumentet er ope.
Dersom du vil at ordlista skal finnast lenger enn i den gjeldande LibreOffice-økta, kan du lagra ho som eit dokument. Dette er forklart i det følgjande avsnittet.
Dersom innstillinga for automatisk stavekontroll slått på, er det berre dei orda som vert attkjende av stavekontrollen som vert lagra.
Bruka ordlista til alltid å byrja med ei viss mengd tekniske omgrep til ordfullføring.
Opna tekstdokumentet som inneheld dei orda du vil bruka i ordfullføringa.
Ordfullføringsfunksjonen lagrar orda.
Vel alle eller nokre av orda på lista.
Trykk Kommando Ctrl + C for å kopiera alle dei valde orda til utklippstavla. Set så innhaldet på utklippstavla inn i eit nytt dokument og lagra det for å få ei liste over lagra ord.
Seinare kan du opna denne lista og automatisk lagra orda, slik at ordfullføringa startar med ei viss mengd ord på førehand.