LibreOffice 24.8 Hjelp
LibreOffice lagrar dei orda du brukar ofte i den noverande økta. Når du seinare skriv dei tre første bokstavane (eller fleire) i eit lagra ord, vil LibreOffice automatisk fullføra ordet.
Viss det finst meir enn eitt ord i autorettingsminnet som passar med dei tre bokstavane du har skrive inn, trykk CmdCtrl + Tabulator for å sjå gjennom lista etter passande ord. Ønskjer du å leita bakover i lista, trykk CmdCtrl + Shift + Tabulator.
Som standard godtek du ei ordfullføring ved å trykkja på Enter.
For å avvisa ei ordfullføring, held du berre fram med å skriva.
Vel
.Fjern markeringa for Slå på fullføring av ord.