Synonymordbok

Du kan bruka synonymordboka for å slå opp synonym og relaterte termar.

  1. Trykk på ordet du vil slå opp.

  2. Vel Verktøy → Språk → Synonymordliste eller trykk + F7.

  3. Klikk i lista over alternative ord på oppføringa som skal kopierast til tekstfeltet «Byt med».

  4. Du kan også dobbeltklikka på ei oppføring for å slå opp liknande uttrykk. På tastaturet kan du bruka Pil opp og Pil ned for å velja i lista og deretter trykkja Enter-tasten for å setja inn oppføringa, eller trykke mellomromstasten for å søkja etter andre uttrykk.

  5. Trykk OK.

Dersom du brukar ei anna språkinnstilling på enkelte ord eller avsnitt, vert synonymordboka for språket i teksten brukt.

note

For å slå opp eit ord i eit anna språk, klikk på knappen «Språk» og vel eitt av språka som har synonymordliste installert. Ikkje alle språka har ei slik ordbok. Du kan installera språk med synonymordliste frå nettsida Extensions.


Viss det er installert synonymordliste for det språket ordet høyrer til, vil høgreklikkmenyen for ordet visa undermenyen «Synonym». Bruk eventuelt eitt av forslaga i undermenyen i staden for det opphavlege ordet.

Støtt oss!