LibreOffice 7.3 Hjelp
Som standard flyttar LibreOffice ord som det ikkje er plass til på ei linje til den neste linja. Dersom du vil, kan du bruka automatisk eller manuell orddeling for å unngå denne oppførselen:
Automatisk orddeling set inn bindestrekar der det er nødvendig i eit avsnitt. Denne innstillinga er berre tilgjengeleg for avsnittsstilar og enkeltavsnitt.
Høgreklikk i eit avsnitt og vel Avsnitt.
Klikk på fana Tekstflyt.
Merk avkryssningsfeltet automatisk i området orddeling.
Trykk OK.
Dersom du vil bruka automatisk orddeling i meir enn eitt avsnitt, kan du bruka ein avsnittsstil.
Kryss for eksempel av for automatisk orddeling i avsnittsstilen «Standard» og bruk deretter stilen på dei avsnitta du vil ha automatisk orddeling i.
Vel Vis → Stilar og klikk på knappen Avsnittsstilar.
Høgreklikk på avsnittsstilen du vil ha orddeling i og vel deretter Endra.
Klikk på fana for tekstflyt.
Marker avkryssningsfeltet Automatisk i området Orddeling.
Trykk OK.
Bruk stilen på dei avsnitta du vil ha automatisk orddeling i.
Du kan setja inn ein bindestrek der du vil på ei linje, eller la LibreOffice søkja etter ord som bør delast, og deretter føreslå ei orddeling.
For snøgt å setja inn ein bindestrek, trykk på den staden i ordet der du vil leggja han til, og trykk deretter på Kommando Ctrl + Bindestrek (-).
Viss du set inn ein bindestrek manuelt i eit ord, vert ordet delt berre ved den manuelle bindestreken. Det vert ikkje utført anna orddeling på dette ordet. Eit ord med manuell bindestrek vert delt utan omsyn til innstillingane i fana Tekstflyt.
Vel den teksten du vil ha orddeling i.
Vel Verktøy → Språk → Orddeling.