LibreOffice 24.8 Hjelp
Tittelsider er sider i byrjinga av eit dokument som viser informasjon om utgjevinga, som tittelen, namnet på forfattaren osv. Desse sidene har ofte ei anna utforming enn resten av dokumentet. Dei har kanskje ikkje sidenummerering, har ein annan topp- og botntekst og andre margar eller bakgrunnar.
Mange dokument, som for eksempel brev og rapportar, har ei førsteside som er ulik dei andre sidene i dokumentet. Førstesida kan for eksempel ha eit brevhovud medan dei andre sidene ikkje har det, Første sida i ein rapport har kanskje ikkje topp- eller botntekst, medan resten av sidene har dette. Dette er enkelt å setje opp med LibreOffice Writer.
Topp- og botntekst, nummerering, margar og retning er nokre av eigenskapane som høyrer til ein sidestil. I LibreOffice Writer kan du setje inn ei tom tittelside kvar som helst i dokumentet, eller å formatere om ei eksisterande side ved å gjere eit sideskift og så velje ein sidestil eller å endra sidestilen der markøren er.
Om du brukar standard (eller alle andre) sidestilar for dokumentet, kan du enkelt leggja til topp- og botntekst til førstesida ved å velja bort Sidestil og så leggja til topp-/botntekst. Du kan deretter leggja til ulik topp-/botntekst for dei andre sidene i dokumentet.
i topp-/botntekst-sidene i dialogvindaugetSet markøren på den første sida,
Vel menyen
Vel Konverter eksisterande sider til tittelsider
Vel stilen på tittelsida under eigenskapar i Rediger sideeigenskapar.
LibreOffice set sidestilen Første side som standard.
Set innstillingane for å nullstilla sidenummereringa.
Trykk på OK.
Dette vil endra den gjeldande sidestilen til Førsteside og dei neste sidene får Standard sidestil
Set markøren der du vil setja inn ei ny tittelside.
Vel menyen
Vel Set inn ny tittelside
Vel kor mange tittelsider som skal setjast inn og
Bestem plasseringa av tittelsida ved å velja sidenummeret i talboksen.
Set innstillingane for å nullstilla sidenummereringa.
Trykk på OK.
Dette vil setja inn eit sideskift og endra den gjeldande sidestilen til Førsteside. Dei neste sidene får standard sidestil.
Du kan ikkje sletta ei tittelside. Du må først endra formatet frå Førsteside til kva annan sidestil som helst.
Set markøren på sida du vil endra sidestil for
Opna panelet Stilar i sidefeltet og vel Sidestilar.
Vel den sidestilen du vil bruka i lista med sidestilar.
Dobbeltklikk på sidestilen du vil bruka.