Setja inn eit heilt tekstdokument

Slik set du inn ei tekstfil

  1. Plasser skrivemerket på den staden i dokumentet der du vil setja inn fila.

  2. Vel Set inn → Tekst frå fil

  3. Finn biletfila du vil setja inn og trykk på Opna.

Innhaldet i tekstdokumentet vert innebygd i det gjeldande dokumentet. Det vert ikkje oppdatert dersom kildefilen vert endra. Dersom du vil at innhaldet skal verta oppdatert automatisk når du endrar kjeldedokumentet, så set du inn fila som ei lenkje.

Slik set du inn eit helt tekstdokument som lenkje

  1. Plasser skrivemerket på den staden i dokumentet der du vil setja inn fila.

  2. Vel Set inn → Bolk.

  3. Skriv eit namn i feltet Ny bolk og merk av i avkryssingsboksen Lenkje.

  4. Skriv namnet på fila du vil setja inn i feltet Filnamn eller klikk på bla-knappen for å finna fila.

    Viss måldokumentet inneheld bolkar, kan du markera bolken som du vil setja inn i feltet Bolkar.

  5. Dersom du ønskjer det, kan du velja formateringsinnstillingar for bolken.

  6. Vel Set inn.

I LibreOffice vert innhaldet i den innsette bolken oppdatert automatisk når kjeldedokumentet vert endra. For å oppdatera innhaldet i bolken manuelt, vel du Verktøy → Oppdater → Oppdater alt.

Støtt oss!