Setja inn, redigera og kopla rammer

Ei ramme kan innehalda tekst og bilete, og du kan plassera henne kvar som helst på ei side. Du kan også bruka ei ramme for å laga eit spalteoppsett på ein tekst.

Slik set du inn ei ramme

  1. Merk teksten du vil skal vera med i ramma.

  2. Vel Set inn → Ramme → Ramme.

Slik redigerar du ei ramme

Slik gøymer du tekst ved utskriving

Alle rammer i Writer kan setjast i ein modus som viser teksten i dei på skjermen utan at han vert skriven ut.

  1. Merk ramma (du ser dei åtte handtaka).

  2. Vel Format → Ramme og objekt → Eigenskapar → Val.

  3. Fjern markeringa i avkryssingsfeltet Skriv ut i området Eigenskapar og trykk OK.

Slik koplar du rammer

Du kan kopla saman rammer i Writer slik at innhaldet deira automatisk flyt frå den eine ramma til den andre.

  1. Trykk på kanten av den ramma du vil kopla. Markeringshandtak dukkar då opp på kantane av henne.

  2. Trykk på Kopla rammer Ikon Kopla rammer på verktøylinja Ramme,

  3. Trykk på ramma du vil kopla til.

Du kan berre kopla rammer dersom

Når du vel ei kopla ramme, vert det vist ei linje som koplar saman dei to rammene.

note

Funksjonen automatisk storleik er tilgjengeleg berre for den siste ramma i ei rad av lenkja rammer.


Støtt oss!