LibreOffice 7.6 Hjelp
Du kan byta mellom store og små bokstaver i ein tekst, formatera tekst med store bokstavar i redusert storleik eller endra første bokstaven i kvart ord i eit merkt område til stor bokstav.
Når du brukar tekstformatering med Format → Teikn, vert ikkje teksten endra. Han vert berre vist på ein annan måte. Vel du derimot Format → Tekst eller Format → Tekst → Byt små/store bokstavar vert teksten endra permanent.
Merk teksten du vil endra til store bokstavar.
Gjer éin av desse:
Vel
.Vel
, klikk på fana «Skrifteffektar» og vel «Store bokstavar» i nedtrekksmenyen «Effektar». Valet «Overskrifter» i denne menyen gjer at første bokstav i kvart ord vert stor, medan «Kapitéler» gjer alle bokstavane store, men i ein mindre skriftstorleik.Merk teksten du vil endra til små bokstavar.
Gjer éin av desse:
Vel
.Vel
og klikk på fana «Skrifteffektar» og vel «Små bokstavar» i nedtrekksmenyen «Effektar».