Malar og stilar

Ein mal er eit dokument som inneheld visse stilar, bilete, tabellar, objekt og annan informasjon. Ein mal vert brukt som grunnlag for å oppretta andre dokument. Du kan for eksempel laga avsnitts- og teiknstilar i eit dokument, lagra dei som ein mal, og så bruka malen til å oppretta eit nytt dokument med dei same stilane.

Du kan setja ein standardmal slik at kvart nytt LibreOffice-dokument vil bruka han viss du ikkje har spesifisert noko anna, for eksempel at du lagar eit nytt dokument frå ein annan mal.

LibreOffice har mange førehandsdefinerte malar som du kan bruka for å laga ulike typar tekstdokument, for eksempel forretningsbrev.

Støtt oss!