Endra standardmalen

Standardmalen inneheld informasjon om standardformateringa i nye tekstdokument. Dersom du vil, kan du laga ein ny mal og bruka denne som standardmal.

Slik lagar du ein standardmal

  1. Opprett eit dokument og legg til det innhaldet og dei stilane du vil ha.

  2. Vel Fil → Malar → Lagra som.

  3. Skriv eit namn for den nye malen i feltet Ny mal.

  4. Dobbeltklikk på mappa «Mine malar» i dialogvindauget som kjem opp og deretter på Lagra. Skriv inn namnet på malen og trykk OK.

  5. Vel Fil → Ny → Mal.

  6. Dobbeltklikk på mappa «Mine malar».

  7. Klikk på malen du laga og klikk deretter på Set som standard.

  8. Lukk dialogvindauget

Støtt oss!