Laga ein dokumentmal

Du kan oppretta ein mal til bruk som grunnlag for nye tekstdokument.

  1. Opprett eit dokument og legg til det innhaldet og dei stilane du vil ha.

  2. Vel Fil → Malar → Lagra som mal.

  3. Skriv eit namn på den nye malen i feltet Ny mal.

  4. Vel ein malkategori i lista Kategoriar.

  5. Trykk OK.

For å laga eit dokument basert på malen, vel Fil → Ny → Malar. Vel ein mal og trykk på Opna.

Støtt oss!