LibreOffice 25.2 Hjelp
Du kan endra breidda på både tabellceller og -kolonnar, og høgda på tabellrader.
Gjer éin av desse:
Hald musepeikaren over kolonneskiljelinja til han vert eit skiljeikon, og dra deretter linja til ei ny plassering.
Hald musepeikaren over kolonneskiljelinja på linjalen til han vert eit skiljeikon, og dra deretter linja til ei ny plassering.
Hald nede KommandoCtrl og klikk og dra ei linje for å skalera alle cellene til høgre eller over linja proporsjonalt.
Set markøren i ei celle i kolonnen, hald nede TilvalAlt medan du trykkjer på Pil venstre eller Pil høgre.
For å auka avstanden mellom den venstre sidekanten og tabellen, hald nede TilvalAlt + Shift medan du trykkjer på Pil høgre.
Du kan bestemma korleis piltastane skal verka ved å velja LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Tabell og velja kva som skal styrast av piltastane i området Tastaturhandsaming.
Hald nede Cmd + kommandoAlt + Ctrl og trykk Pil høgre eller Pil venstre.
For å endra radhøgda set du markøren i ei celle i rada, held nede TilvalAlt medan du trykkjer på Pil opp eller Pil ned.
Gjer éin av desse for å endra breidda og høgda på ein tabell:
Trykk i tabellen. Dra kanten mellom det kvite og grå området på linjalane for å endra storleiken.
Trykk i tabellen. Vel
for å opna eit dialogvindauge der du kan endra eigenskapane for tala.For å kunna bryta teksten ved kantane av ein tabell og for å kunna setja opp to tabellar ved sida av kvarandre, må du setja tabellane inn i ei ramme. Klikk inne i tabellen og trykk KommandoCtrl + A to gongar for å merkja heile tabellen. Vel så Set inn → Ramme.
Tabellar i HTML-dokument har ikkje alle dei eigenskapane og funksjonane som tabellar i OpenDocument-format har.