LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan merkja ein tabell i eit tekstdokument med eit tastatur eller ei mus.
For å merkja ein tabell med tastaturet, flyttar du skrivemerket inn i tabellen og trykkjer Kommando Ctrl + A, til alle cellene er merkte.
For å merkja ein tabell med musa, plasserer du musepeikaren litt over og til venstre for tabellen. Musepeikaren vert då til ei diagonal pil. Trykk for å merkja tabellen.
For å merkja ei rad eller ein kolonne med musa, plasserer du musepeikaren litt til venstre for rada eller kolonnen. Musepeikaren vert då til ei pil. Trykk for å merkja rada eller kolonnen.