Setja inn tabellar

Det finst fleire måtar å oppretta ein tabell i eit tekstdokument på. Du kan setja inn ein tabell frå ei verktøylinje, gjennom ein menyfunksjon eller frå eit rekneark.

Slik set du inn ein tabell frå ei verktøylinje

  1. Plasser skrivemerket på den staden i dokumentet der du vil setja inn tabellen.

  2. Klikk på pila nær ikonet Tabell på verktøylinja Standard eller Set inn.

  3. Dra i tabellrutenettet for å velja talet på rader og kolonnar du vil ha, og slepp deretter.

For å avbryta, dra til den andre sida til Avbryt dukkar opp i førehandsvisinga av rutenettet.

Slik set du inn ein tabell med ein menykommando

  1. Plasser skrivemerket på den staden i dokumentet der du vil setja inn tabellen.

  2. Vel Tabell → Set inn tabell.

  3. Skriv inn talet på rader og kolonnar i området Storleik.

  4. Merk innstillingane du ønskjer og trykk på OK.

Slik set du inn ein tabell frå eit Calc-rekneark

  1. Opna LibreOffice Calc-reknearket som inneheld celleområdet du vil setja inn.

  2. Dra for å markera celler i reknearket.

  3. Vel Rediger → Kopier.

  4. Gjer éin av desse i tekstdokumentet:

Innstillingar

Vert sett inn som …

LibreOffice 7.0-rekneark

OLE-objekt – som ved + V eller dra og slepp.

GDIMetaFile

Bilete

Punktbilete

Bilete

HTML

HTML-tabell

Uformatert tekst

Berre tekst, tabulatorar som skiljeteikn

Formatert tekst [RTF]

Teksttabell


Dra og sleppa eit celleområde frå eit Calc-regneark

  1. Opna LibreOffice Calc-reknearket som inneheld celleområdet du vil setja inn.

  2. Dra for å markera celler i reknearket.

  3. Trykk og hald nede museknappen ei av dei merkte cellene.

  4. Dra dei merkte cellene inn i tekstdokumentet.

Merkja tabellar, rader og kolonnar

Sletta tabellar eller innhaldet i ein tabell

Sjølvvalde kantlinjer i tekstdokument

Støtt oss!