Stave- og grammatikkontroll

Du kan kontrollera staving og grammatikk manuelt i ein merkt tekst eller i heile dokumentet.

Merknadsikon

For å kunna kontrollera staving og grammatikk i ein tekst, må dei tilhøyrande ordbøkene vera installerte. For mange språk finst det tre ulike ordbøker: ei for stavekontroll, ei for orddelingsreglar og ei synonymordbok. Kvar ordbok dekkjer berre eitt språk. Grammatikkontroll kan lastast ned og installerast som utviding. Sjå nettsida for utvidingar.


Stavekontrollen byrjar der skrivemerket er plassert eller ved byrjinga av tekstutvalet.

  1. Trykk ein stad i dokumentet eller merk den teksten du vil kontrollera.

  2. Vel Verktøy → Stavekontroll

  3. Når stavekontrollen treff på ein mogleg stavefeil, vert dialogvindauget Stavekontroll opna med LibreOffice sine forslag til rettingar.

  4. Gjer éin av desse:

    Du godtar forslaget ved å klikka på forslaget og deretter på Endra.

    Rediger setninga i den øvre tekstboksen og klikk deretter på Endra.

    Klikk på Legg til i ordlista for å leggja ordet inn i brukarordlista.

Støtt oss!