LibreOffice 25.2 Hjelp
Du kan lagra eit LibreOffice Writer-dokument i HTML-format, slik at du kan visa det i ein nettlesar. Dersom du vil, kan du tildela eit sideskift ein viss overskriftsstil, slik at det vert laga ei ny HTML-side kvar gong stilen er brukt i dokumentet. LibreOffice Writer opprettar automatisk ei side som inneheld lenkjer til kvar av desse sidene.
Når du lagrar eit tekstdokument i HTML-format, vert bileta i dokumentet lagra i HTML-dokumentet som innebygd direkteoverføring. LibreOffice prøver å halda på originalformatet for bileta. JPEG- og SVG-bilete vert såleis lagra som JPEG og SVG. Alle andre biletformat vert lagra som PNG.
Bruk ein av standardoverskriftsstilane i LibreOffice til avsnittsoverskrifter, for eksempel «Overskrift 1» på dei avsnitta der du vil laga ei ny HTML-side.
Vel Fil → Ny(tt) → Malar og dokument
Vel avsnittsstilen som skal brukast for å laga ei ny HTML-side i feltet
.Skriv inn ein sti og eit namn på HTML-dokumentet og klikk på Lagra.