LibreOffice 25.2 Hjelp
Bolkar er namngjevne tekstblokker med bilete og objekt, som du kan bruka på fleire måtar:
For å hindra tekst i å verta redigert.
For å visa eller gøyma tekst.
For å bruka tekst og bilete frå andre LibreOffice-dokument om att.
For å setja inn tekstbolkar som brukar eit anna spalteoppsett enn den gjeldande sidestilen.
Ein bolk inneheld minst eitt avsnitt. Når du vel ein tekst og opprettar ein bolk, vert eit avsnittsskift automatisk sett inn på slutten av teksten.
Du kan setja inn bolkar frå eit tekstdokument eller eit heilt tekstdokument som ein bolk i eit anna tekstdokument. Du kan òg setja inn bolkar frå eitt tekstdokument som lenkje til eit anna tekstdokument eller i det same dokumentet.
For å setja inn eit nytt avsnitt like før eller etter ein bolk, klikk framføre eller etter bolken og trykk på InnstillingarAlt + Enter.
Du kan setja inn bolkar i ein eksisterande bolk. For eksempel kan du setja inn ein bolk som inneheld to spalter i ein bolk som inneheld éi spalte.
Eit bolkoppsett, for eksempel talet på spalter, er prioritert over sideoppsettet som er oppgjeve i ein sidestil.