LibreOffice 7.5 Hjelp
Regulære uttrykk kan brukast for å søkja etter uspesifiserte eller usynlege teikn.
Søk med regulære uttrykk er ulik søk med jokerteikn. I LibreOffice Writer kan du berre søkja med regulære uttrykk.
Du kan bruka regulære uttrykk når du søkjer og byter ut tekst i eit dokument. For eksempel finn «s.n» både «sin» og «son».
Vel
.Klikk på knappen
for å utvida dialogvindauget.Vel avkryssningsboksen
.Skriv inn søkjeordet med dei regulære uttrykka som skal brukast i søket i feltet
.Klikk på
eller .Det regulære uttrykket for eitt enkelt teikn er eit punktum (.)
Det regulære uttrykket for null eller fleire førekomstar av det føregåande teiknet er ein asterisk (*). For eksempel finn «123*» både «12», «123» og «1233».
Kombinasjonen for regulære uttrykk til søk etter null eller fleire førekomstar av alle teikn er eit punktum og ein asterisk (.*)
Det regulære uttrykket for slutten av eit avsnitt er eit dollarteikn ($). Uttrykket for starten av eit avsnitt er ein sirkumfleks og eit punktum (^.)
Det regulære uttrykket for eit tabulatorteikn er \t.
Du kan berre søkja etter regulære uttrykk innan eitt avsnitt. Det vil seie at du ikkje kan søkja etter eit uttrykk i eitt avsnitt og eit anna uttrykk i det neste avsnittet.