Bruka linjalar

Vel Vis → Linjal for å visa eller gøyma linjalane. For å visa den loddrette linjalen, vel LibreOffice Writer → Vis og merk av for Loddrett linjal i området Linjal.

Justera sidemargar

Sidemargane er viste med utfylte område i endane av linjalane.

Justera innrykk

Innrykk vert justerte med dei tre små trekantane på den vassrette linjalen.

  1. For å endra innrykket til første linja i eit valt avsnitt kan du dra øvste venstre trekant på den vassrette linjalen til ei ny plassering.

  2. For å endra avsnittsinnrykket til venstre eller høgre, kan du markera det avsnittet du vil endra innrykket til og dra nedste venstre eller høgre trekant på den vassrette linjalen til ei ny plassering.

For eksempel kan endra det venstre innrykket frå og med den andre linja i avsnittet ved å halda nede tasten og trykkja på trekanten nedst til venstre og dra han til høgre.

Du kan også dobbeltklikka kvar som helst på den vassrette linjalen og tilpasssa innrykka i dialogvindauget Avsnitt.

Støtt oss!