Verna innhald i LibreOffice Writer

Dette er eit oversyn over dei ulike måtane for å verna innhaldet i LibreOffice Writer frå å verta endra eller sletta.

Verna bolkar i LibreOffice Writer

Alle bolkar i eit tekstdokument i LibreOffice Writer 
kan vernast mot endringar med eit valfritt passord.

Åtvaringsikon

Vernet er ikkje meint å vera eit tryggingsvern av innhaldet, men som eit vern mot uønskte endringar.


Slå på vern

Informasjonen som skal vernast må vera i ein bolk. Slik lagar du eller vel ein bolk:

  1. Dersom bolken ikkje finst, merk teksten og vel menyen Set inn → Bolkar ….

  2. Dersom det alt er ein bolk, Vel Format → Bolkar … og vel bolken i lista Bolk eller høgreklikk på bolken i dokumentstrukturen og vel Rediger ….

Slå på vern

  1. Dersom du ønskjer å verna innhaldet utan passord, merk av for Vern i Skrivevern.

  2. Dersom du vil ha vern med passord, vel Vern og Med passord i avkryssningsboksen. Trykk på knappen Passord …. Skriv inn eit passord på minst fem teikn og bekreft passordet.

Endring av vern

Vel Format → Bolkar … og vel bolken i lista Bolk eller høgreklikk på bolken i dokumentstrukturen og vel Rediger ….

  1. Dersom du ønskjer å bruka passord på eit vern utan passord, vel Med passord i avkryssingsboksen og trykk på knappen Passord. Skriv inn eit passord på minst fem teikn og bekreft passordet.

  2. Dersom vernet brukar passord og du vil fjerna dette, fjern merkinga i Med passord i Skrivevern og skriv inn det korrekte passordet.

  3. Dersom bolken er verna er med eit passord og du vil endra passordet, trykk på knappen Passord i Rediger bolk og skriv inn det korrekte passordet to gonger.

Slå av vernet

Vel Format → Bolkar … og vel bolken i lista Bolk eller høgreklikk på bolken i dokumentstrukturen og vel Rediger ….

  1. Dersom vernet er utan passord, fjern merkinga for Vern i Skrivevern.

  2. Dersom vernet har eit passord, fjern merkinga for Vern i Skrivevern og skriv inn det rette passordet.

Verna celler i ein LibreOffice Writer-tabell

Du kan verna innhaldet i enkeltcellene i ein teksttabell i LibreOffice Writer mot endringar.

Åtvaringsikon

Vernet er ikkje meint å vera eit tryggingsvern av innhaldet, men som eit vern mot uønskte endringar.


Slå på vern

  1. For ei eller fleire celler, plasser markøren i ei celle eller merk fleire celler. Vel Tabell → Vern celler i menyen.

  2. For heile tabellen, merk tabellen og vel Tabell → Vern celler i menyen.

Slå av vernet

Merknadsikon

Om det er nødvendig, vel → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og kryss av for Slå på markør i feltet Verna område.


  1. Set markøren i cella eller celleområdet og vel Tabell → Opphev cellevern.

  2. For heile tabellen, høgreklikk på tabellen i dokumenstrukturvindauget og vel Tabell → Fjern vern i sprettoppmenyen eller merk heile tabellen og vel Verktøy → Fjern cellevern.

Vern av innhaldet i innhaldslister og indeksar

Innhaldslister og register som er oppretta i eit LibreOffice Writer-dokument er automatisk verna mot uheldige endringar.

Åtvaringsikon

Vernet er ikkje meint å vera eit tryggingsvern av innhaldet, men som eit vern mot uønskte endringar.


Slå på vern

  1. Høgreklikk i indeks/innehaldslista. Gå til Rediger indeks... i sprettoppmenyen. Vel Vern mot manuelle endringar i fana Type.

  2. Høgreklikk i indeks/innhaldslista i dokumentstukturvindauget og vel Indeks → Skriveverna

Slå av vernet

Merknadsikon

Om det er nødvendig, vel → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og kryss av for Slå på markør i feltet Verna område.


  1. Høgreklikk i indeks/innehaldslista. Gå til Rediger indeks... i sprettoppmenyen. Fjern avkryssinga i Vern mot manuelle endringar i fana Type.

  2. Høgreklikk i indeks/innhaldslista i dokumentstukturvindauget og fjern merkinga for Indeks → Skriveverna.

Vern heileLibreOffice Writer-dokumentet mot endringar.

Du kan verna innhaldet i eit LibreOffice Writer-dokument mot endringar viss det er i eit av desse filformata: .doc, .docx, .odt, .ott.

Åtvaringsikon

Vernet er ikkje meint å vera eit tryggingsvern av innhaldet, men som eit vern mot uønskte endringar.


For å slå på vern for heile dokumentet, gå til → LibreOffice Writer → Kompatibilitet og merk av for Vern skjemaet. Du kan slå av vernet ved å fjerna avkryssinga.

Verna endringar

Om digitale signaturar

Verna anna innhald

Støtt oss!