LibreOffice 7.6 Hjelp
Du kan velja å skriva ut enkeltsider, ei rad med sider eller eit utval frå eit dokument.
Vel Skriv ut.
for å opna dialogvindaugetI Område og kopiar vel du Side. Tekstfeltet viser det gjeldande sidenummeret.
Skriv inn nummeret på sida du vil skriva ut.
Førehandsvisinga til venstre viser den valde sida.
Vel Skriv ut.
for å opna dialogvindaugetI Område og kopiar vel du Side. Tekstfeltet viser det gjeldande sidenummeret.
Skriv inn sidenummera du vil skriva ut.
Bruk - for å skriva ut fleire sider. For eksempel 1-4 for å skriva ut alle sidene frå 1 til 4.
Det er også råd å skriva ut delvise område: -5 skriv ut alle sidene opp til 5. 10- skriv ut frå side 10 til slutten av dokumentet.
Bruk , eller ; for å skriva ut bestemte sider. For eksempel vil 1,3;7 skriva ut sidene 1, 3 og 7. Du kan gjerne også bruka mellomrom: 1, 3, 7 er heilt i orden.
Det er også råd å kombinera utskrivinga. Såleis vil 1, 3, 5-10,15-skriva ut sidene 1, 3, 5 til 10 og 15 til slutten av dokumentet.
Førehandsvisinga til venstre viser dei merkte sidene.
Merk det som skal skrivast ut.
Vel Skriv ut.
for å opna dialogvindaugetMerk av for Utval i området Område og kopiar.
Førehandsvisdinga viser det merkte området.