Laga og leggja til sidestilar

LibreOffice brukar sidestilar for å spesifisera oppsettet av ei side, for eksempel sideretning, bakgrunn, margar, topptekstar, botntekstar og tekstspalter. For å endra oppsettet på éi enkelt side i eit dokument, kan du laga og bruka ein tilpassa sidestil på sida.

Slik lagar du ein ny sidestil

  1. Vel Vis → Stilar.

  2. Trykk på knappen Sidestilar.

  3. Høgreklikk på eit element i lista over sidestilar og vel Ny.

  4. På fana Handsamar kan du skriva eit namn på sidestilen i feltet Namn.

  5. Gjer éin av desse:

  1. Bruk fanene i dialogvindauget for å setja vala for utsjånaden til sidestilen. Trykk deretter på OK.

Slik legg du til ein sidestil

  1. Trykk på den sida i dokumentet du vil bruka sidestilen på.

  2. Gjer éin av desse:

Overstyra «Neste stil» manuelt i ein sidestil

  1. Set markøren mellom sida med sidestilen og sida med stilen sett i Neste stil.

  2. Høgreklikk og vel Rediger sideskift.

  3. Merk avkryssingsfeltet Med sidestil.

  4. Skriv inn sidestilen som skal brukast.

See Manuelt definert område for ein sidestil.

note

Ein spesiell situasjon er når Neste stil er ulik sidestilen og du ønskjer å bruka denne sidestilen på to sider etter kvarandre. Viss du for eksempel har brukt stilen Første side på ei side og ønskjer å bruka han også på den neste sida, må du overstyra stilen «Første side» fordi denne er sett opp slik at den neste stilen er Standard sidestil.


Slik legg du ein sidestil til ei side

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil at den nye sida skal byrja.

  2. Vel Set inn → Fleire slag skift → Manuelt skift.

  3. Vel Sideskift.

  4. I boksen Sidestil vel du sidestilen som skal brukast på den sida som kjem etter eit manuelt sideskift.

  5. Trykk OK.

Støtt oss!