Endra sideretning (liggjande eller ståande)

Alle sideeigenskapar for Writer-dokument, som for eksempel sideretning, vert styrt av sidestilar. Som standard vert stilen «Standard» til alle sidene i eit nytt tekstdokument. Viss du opnar eit tekstdokument, kan ulike sidestilar ha vorte brukte på ulike sider.

Det er viktig å vita at dei endringane du gjer med ein sideeigenskap berre vil påverka dei sidene som brukar den gjeldande sidestilen. Kva for sidestil som gjeld er vist i statuslinja i nedre vindaugskant.

Slik endrar du sideretninga for alle sidene

Dersom tekstdokumentet berre inneheld sider med same sidestil, kan du endra eigenskapane for sida direkte:

  1. Vel Format → Sidestil.

  2. Trykk på fana Stilar.

  3. I Papirformat vel «Ståande» eller «Liggjande».

  4. Trykk OK.

Slik endrar du sideretninga på nokre sider

LibreOffice brukar sidestilar for å styra retninga av sidene i eit dokument. Sidestilar styrer fleire sideeigenskapar, som for eksempel topptekst, botntekst og sidemargar. Du kan anten endra «Standard» sidestil for det gjeldande dokumentet eller definera eigne sidestilar og bruka desse på einskilde delar av teksten.

På slutten av denne hjelpesida vert føremålet med sidestilar teke opp i detaljar. Dersom du ikkje heilt forstår deg på sidestilar, kan du lesa avsnittet på slutten av denne sida.

note

Til skilnad frå teiknstilar og avsnittsstilar står ikkje sidestilane i eit hierarki. Du kan oppretta ein ny sidestil basert på eigenskapane for ein sidestil som finst frå før, men når du seinare endrar på kjeldestilen vil ikkje den nye sidestilen automatisk arva endringane.


Dersom du berre vil endra sideretninga for den gjeldande sida, kan du først laga ein sidestil og deretter bruka denne stilen:

  1. Vel Vis → Stilar

  2. Trykk på knappen Sidestilar.

  3. Høgreklikk på ein sidestil og vel Ny. Den nye sidestilen får dei same eigenskapane som den valde sidestilen.

  4. Skriv inn eit namn for sidestilen i feltet Namn på fanesida Generelt , for eksempel «Landskapet mitt» .

  5. Vel sidestilen som skal brukast på den neste sida i feltet Neste stil. Sjå også avsnittet om omfanget av sidestilane nedst på denne sida.

  6. Trykk på fana Stilar.

  7. I Papirformat, vel «Ståande» eller «Liggjande».

  8. Trykk OK.

Du har no laga ein gyldig sidestil med namnet «Liggjande». Dobbeltklikk på sidestilen «Liggjande» i vindauget Stilhandsamar for å bruka den nye stilen. Alle sider i virkefeltet for dei gjeldande sidestilane vert endra. Viss du oppga «Neste stil» til å vera ein annan stil, vert berre den første sida av det gjeldande virkefeltet for sidestilar endra.

For raskt å byta mellom ståande og liggjande sideutforming

Standardmalen for LibreOffice Writer har fleire stilar for sideutformingar, mellom anna Standard sidestil som har ståande sideretning og stilen Liggjande har liggjande sideretning.

Desse stilane kan brukast for raskt å veksla mellom ståande og liggjande sideretning ved å setja inn manuelle sideskift og velja dei ønskte sidestilane som forklart nedanfor:

  1. Set markøren der sideskiftet skal setjast inn.

  2. Gå til Set inn → Fleire slag skift → Manuelt skift for å opna dialogvindauget Set inn skift.

  3. Vel alternativet Sideskift og i nedtrekkslista Sidestil vel du sidestilen som skal brukast på sida som kjem etter sideskiftet (Standard sidestil, Liggjande osv.).

  4. Viss den brukte utforminga må endrast på nytt på eit bestemt punkt i dokumentet (for eksempel for å byta tilbake frå liggjande til ståande retning), set du markøren på dette punktet og gjentek stega som er forklarte tidlegare.

Bruksområdet for sidestilar

Du bør vera klar over omfanget til sidestilar i LibreOffice. Altså kva for sider i eit tekstdokument som vert påverka ved å redigera ein sidestil.

Stilar for ei enkelt side

Ein sidestil kan stillast inn til å gå over berre ei enkelt side. Stilen «Første side» er eit eksempel på dette. Du definerer denne eigenskapen ved å velja ein annan sidestil til å vera «Neste stil» på fana Format → Sidestil → Handsamar.

Ein éi side lang stil går frå den nedste kanten på det gjeldande sidestilområdet til det neste sideskiftet. Det neste sideskiftet vert vist automatisk når teksten flyt til den neste sida. Dette vert òg kalla eit mjukt sideskift. Alternativt kan du setja inn eit manuelt sideskift.

For å setja inn ein manuelt sideskift der markøren er, trykk + Enter eller vel Set inn → Manuelt sideskift og trykk deretter på OK.

Manuelt innstilt område for ein sidestil

Sidestilen «Standard» har ikkje ein annan «Neste stil» på fana Format → Side → Handsamar. I staden er «Neste stil» sett til «Standard». Alle sidene som har same sidestilen kan halda fram over fleire sider. Den nedste og øvste grensa for stilomfanget vert styrt av «Sideskift med stil». Alle sider mellom to «Sideskift med stil» brukar den same sidestilen.

Du kan setja inn eit sideskift med stil direkte der skrivemerket er plassert. Du kan også bruka eigenskapen sideskift med stil på eit avsnitt eller ein avsnittsstil.

Gjer éin av desse:

Støtt oss!