Sidetal

I Writer er sidetalet eit felt som du kan setja inn i dokumentet.

Slik set du raskt inn eit sidetal i topp- eller botntekst i sidestil

Vel Set inn → Sidetal for å opna eit dialogvindauge som rettleiar deg i å setja inn eit sidetal i den gjeldande sidestiloverskrifta eller botnteksten og å setja justeringa for sidenummera.

Slik set du inn sidetal

Vel Set inn → Felt→ Sidetal for å setja inn eit sidetal der skrivemerket står.

tip

Viss du ser teksten «Sidenummer» i staden for talet, vel Vis → Feltnamn ().


Desse felta vert flytte når du legg til eller fjernar tekst. Difor er det er best å setja inn sidetalfeltet i ein topptekst eller botntekst, som har den same plasseringa og er brukte på alle sider.

Vel Set inn → Topptekst og botntekst → Topptekst → (namn på sidestil) eller Set inn → Topptekst og botntekst → Botntekst → (namn på sidestil) for å leggja til ein topptekst eller ein botntekst til alle sidene med den gjeldande sidestilen.

Slik byrjar du med eit vald sidetal

Nokre gongar vil du kanskje ha meir kontroll over sidenummereringa i dokumentet. I dette eksempelet vil du at tekstdokumentet skal byrja med side 12.

  1. Trykk i det første avsnittet i dokumentet.

  2. Vel fana Format → Avsnitt → Tekstflyt.

  3. I området «Skift» slår du på Set inn. Slå på Med sidestil for å kunna setja inn det nyeSidetalet. Trykk på OK.

note

Det nye sidetalet er ein eigenskap av det første avsnittet på sida.


Slik vel du format for sidenummer

Kanskje ønskjer du sidetal som romartala i, ii, iii, iv og så vidare.

  1. Dobbeltklikk rett før sidetalsfeltet. Dialogvindauget Rediger felt kjem fram.

  2. Vel eit talformat og trykk på OK.

Bruka ulik formatering for sidenummer i topptekst og botntekst

Kanskje ønskjer du at nokre av sidene skal ha sidetal som romartal medan resten av sidene skal ha ei anna formatering.

I Writer treng du ulike sidestilar. Den første sidestilen har ein botntekst med eit sidetalfelt formatert for romerske tal. Dei følgjande sidestilane har ein botntekst med eit sidetalfelt i ein annan stil.

Begge sidestilane må vera skilde av eit sideskift. I Writer kan du ha automatiske sideskift og manuelle sideskift.

Kva som er best er avhengig av dokumentet: Å bruka manuelle sideskift mellom sidestilar, eller automatiske skift. Viss du berre treng ei tittelside med ein annen stil enn dei andre sidene, kan du bruka den automatiske metoden:

Slik legg du ein annan sidestil til den første sida

  1. Trykk på den første sida i dokumentet.

  2. Vel Vis → Stilar().

  3. Klikk på knappen Avsnittsstilar i vindauget for Stilhandsamar.

  4. Dobbeltklikk på stilen Første side.

Framsida har nå stilen «Første side» og dei neste sidene har automatisk «Standard sidestil».

Du kan no for eksempel setja inn ein botntekst for berre «Standard sidestil», eller setja inn botntekst i begge sidestilane, men med ulike formaterte sidetalfelt.

Slik legg du til eit manuelt skift av sidestil

  1. Klikk i byrjinga av det første avsnittet på sida der ein annan sidestil skal brukast.

  2. Vel Set inn → Fleire slag skift → Manuelt skift. Då kjem dialogvindauget Set inn skift fram.

  3. Vel ein stil i listeboksen Stil. Du kan også setja eit nytt sidetal. Trykk på OK.

Den valde sidestilen vert brukt frå det gjeldande avsnittet til det neste sideskiftet med stil. Du må kanskje laga den nye sidestilen først.

Støtt oss!