LibreOffice 7.5 Hjelp
LibreOffice brukar sidestilar for å velja bakgrunn for sidene i eit dokument. Eit eksempel: For å endra bakgrunnen på éi eller fleire sider i eit dokument til eit vassmerke, kan du oppretta ein sidestil, som brukar dette vassmerket som bakgrunn og deretter bruka denne sidestilen på sidene.
Vel (CKommando + T)(F11).
Trykk på knappen Sidestilar.
Høgreklikk på eit element i lista over sidestilar og vel Ny.
Skriv inn eit namn på sidestilen i feltet Namn på fana Handsamar.
Vel sidestilen som du vil bruka på den neste sida i boksen Neste stil.
Ta i bruk sidestilen på dei sidene du ønskjer.
For å bruka den nye sidestilen på alle dei følgjande sidene, marker namnet på den nye sidestilen.
Trykk på fana Område.
Vel ein farge eller eit bilete for bakgrunnen. Deretter kan du velja dei andre inntillingane frå fana.
Trykk OK.
Sjå til at du har laga ein sidestil som brukar sidebakgrunn før du held fram. Sjå Endra sidebakgrunnen for detaljar om det.
Vel (Kommando + T)(F11).
Trykk på knappen Sidestilar.
Dobbeltklikk på sidestilen som har den sidebakgrunnen du vil bruka.
Sjå til at du har laga ein sidestil som brukar sidebakgrunn før du held fram. Sjå Endra sidebakgrunnen for meir informasjon om det.
Trykk framføre det første teiknet i avsnittet du vil skifta sidebakgrunn på.
Vel
.Vel Sideskift.
I
vel du ein sidestil som brukar sidebakgrunnen.For å endra sidestilen berre for den gjeldande sida, vel ein sidestil der «Neste stil» er sett til «Standard».
For å endra bakgrunnen for den gjeldande sida og dei etterfølgjande sidene, vel ein sidestil der «Neste stil» er sett til å vera den same som den ønskte sidestilen.
Dersom du vil endra sidebakgrunn seinare i dokumentet, så gjenta trinn 1 til 3.
Trykk OK.