Setja inn og fjerna sideskift

Slik set du inn eit manuelt sideskift

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil at den nye sida skal byrja.

  2. + Enter.

Slik slettar du eit manuelt sideskift

  1. Trykk framføre det første teiknet på sida som kjem etter eit manuelt sideskift.

  2. Trykk på rettetasten.

Slik slettar du eit manuelt sideskift før ein tabell

  1. Høgreklikk i tabellen og vel Tabell.

  2. Klikk på fana Tekstflyt.

  3. Fjern avkryssinga i boksen Skift.

For raskt å byta mellom ståande og liggjande sideutforming

Standardmalen for LibreOffice Writer har fleire stilar for sideutformingar, mellom anna Standard sidestil som har ståande sideretning og stilen Liggjande har liggjande sideretning.

Desse stilane kan brukast for raskt å veksla mellom ståande og liggjande sideretning ved å setja inn manuelle sideskift og velja dei ønskte sidestilane som forklart nedanfor:

  1. Set markøren der sideskiftet skal setjast inn.

  2. Gå til Set inn → Fleire slag skift → Manuelt skift for å opna dialogvindauget Set inn skift.

  3. Vel alternativet Sideskift og i nedtrekkslista Sidestil vel du sidestilen som skal brukast på sida som kjem etter sideskiftet (Standard sidestil, Liggjande osv.).

  4. Viss den brukte utforminga må endrast på nytt på eit bestemt punkt i dokumentet (for eksempel for å byta tilbake frå liggjande til ståande retning), set du markøren på dette punktet og gjentar stega som er forklarte tidlegare.

tip

Les hjelpesida Endra sideretning for å læra meir om avanserte innstillingar som kan definerast for sideretning.


Støtt oss!