Endra nummereringa i ei sortert liste

Du kan fjerna nummereringa frå eit avsnitt i ei sorterte liste eller endra talet ei nummerert liste byrjar med.

Viss du vil ha nummererte overskrifter, vel Verktøy → Overskriftsnummerering. Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge der du kan tilordna nummereringsskjema til avsnittsstilar som vert brukte for overskrifter. Ikkje bruk ikonet Slå sortert liste av/påformateringslinja eller dialogvindauget Format → Punkt og nummerering.

Slik fjernar du talet frå eit avsnitt i ei sorterte liste

  1. Trykk framføre det første teiknet i avsnittet du vil fjerna nummereringa frå.

  2. Gjer éin av desse:

Slik endrar du nummeret som ei sortert liste byrjar med

  1. Trykk kvar som helst i den sorterte lista.

  2. Vel Format → Punkt og nummerering og opna fana Tilpass.

  3. Skriv inn nummeret lista skal byrja med i feltet Start ved.

  4. Trykk OK.

Støtt oss!