Leggja til linjenummer

LibreOffice kan leggja til linjenummer i eit heilt dokument eller utvalde avsnitt i dokumentet. Linjenummera vert tekne med når du skriv ut dokumentet. Du kan oppgje intervallar for linjenummer, startlinjenummer og om blanke linjer eller linjer i rammer skal teljast med. Du kan også leggja til eit skiljeteikn mellom linjenummera.

Merknadsikon

Linjenummer er ikkje tilgjengelege i HTML-format.


Slik legg du til linjenummer i eit heilt dokument

  1. Vel Verktøy → Linjenummerering.

  2. Vel Vis nummerering og vel dei ønskte innstillingane.

  3. Trykk OK.

Slik legg du til linjenummer til enkelte avsnitt

  1. Vel Verktøy → Linjenummerering.

  2. Vel Vis nummerering.

  3. Trykk for å opna vindauget Stilhandsamar og klikk på knappen Avsnitsstilar.

  4. Høgreklikk på avsnittsstilen «Standard» og vel Rediger.

    Alle avsnittsstilar er baserte på stilen «Standard».

  1. Klikk på fana Disposisjon og nummerering

  2. Fjern merket i avkryssingsboksen Ta med dette avsnittet i linjenummereringa i området Linjenummerering.

  3. Trykk OK.

  4. Merk avsnittet/avsnitta du vil leggja til linjenummerering på.

  5. Vel Format → Avsnitt og klikk på fana Disposisjon og nummerering.

  6. Vel avkryssingsboksen Ta med dette avsnittet i linjenummereringa.

  7. Trykk OK.

Du kan også oppretta ein avsnittsstil som inneheld linjenummerering og bruka han på dei avsnitta du vil skal vera nummererte.

Slik lagar du det første linjenummeret

  1. Trykk i eit avsnitt.

  2. Vel Format → Avsnitt og klikk på fana Disposisjon og nummerering.

  3. Vel avkryssingsboksen Ta med dette avsnittet i linjenummereringa.

  4. Kryss av for Start på nytt ved dette avsnittet.

  5. Skriv inn eit linjenummer i skrivefeltet Start med.

  6. Trykk OK.

Verktøy → Linjenummerering

Nummerering og nummereringsstilar

Format → Avsnitt → Nummerering

Wiki-side (på engelsk) om å nummerera avsnitt ved hjelp av stilar.

Støtt oss!