Slå av eller på talgjenkjenning i tabellar

LibreOffice kan kjenna igjen tal og datoar du skriv inn i ei tabellcelle og konvertera dei frå tekst til eit passande talformat. Bruk Tabell → Talformat for å endra visinga av den innskrivne verdien.

Når ei innskriving ikkje kan kjennast igjen som talverdi, vert talkategorien sett til Tekst og innskrivinga vert ikkje endra.

Viss det ikkje er merkt av for talgjenkjenning i innstillingane, vert tal lagra i tekstformat og vert automatisk venstrejusterte.

Du kan slå av og på denne funksjonen på ein av desse måtane:

Denne eigenskapen vert brukt på alle tabellane i alle dokumenta. Når denne er slått på, vert ein dato eller eit tal i ei tabellcelle formatert automatisk. Dataformatering som finst frå før, vert ikkje påverka om du slår denne eigenskapen av eller på.

LibreOffice Writer → Tabell

Støtt oss!