Setja inn eit Calc-diagram i eit tekstdokument

Du kan setja inn ein kopi av eit diagram i eit tekstdokument. Dette vert ikkje oppdatert når du endrar diagramdataa i reknearket.

  1. Opna tekstdokumentet du vil kopiera diagrammet til.

  2. Opna reknearket som inneheld diagrammet du vil kopiera.

  3. Trykk på diagrammet i reknearket. Åtte handtak dukkar då opp.

  4. Dra diagrammet frå reknearket til tekstdokumentet.

Du kan endra storleiken på og flytte diagrammet i tekstdokumentet på same måten som med andre objekt. For å redigera diagramdataa kan du dobbeltklikka på diagrammet.

Setja inn bilete

Setja inn bilete frå ei fil

Setja inn bilete frå galleriet med dra og slepp

Setja inn eit innskanna bilete

Setja inn bilete frå LibreOffice Draw eller Impress

Redigera biletobjekt

Støtt oss!