Merk av i boksen Lenkje viss du vil setja inn ei lenkje til den opphavlege fila.
Viss du merkjer av for Lenkje, vert punktbiletet oppdatert kvar gong dokumentet vert oppdatert og lasta inn. Viss du har gjort endringar i den lokale kopien av biletet i dokumentet, vert biletet oppdatert med endringane før det vert vist.
Viss det ikkje er merkt av for Lenkje, arbeider du alltid med kopien som vart laga den første gongen biletet vart sett inn.
For å byggja inn bilete som først vart lagt inn som lenkje, vel Rediger → Lenkjer og klikk på knappen Bryt lenkje.