LibreOffice 25.2 Hjelp
Den beste måten å laga ei innhaldsliste på er å bruka førehandslaga stilar, som for eksempel «Overskrift 1», på overskriftene til dei avsnitta du vil ha med i innhaldslista. Etter at desse stilane er i bruk, kan du laga innhaldslista.
Trykk på den staden i dokumentet der du vil laga innhaldslista.
Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi og klikk så på fana Type.
Vel «Innhaldsliste» i Typeboksen.
Vel dei innstillingane som skal brukast.
Trykk OK.
Viss du vil bruka ein annan avsnittsstil som ei innhaldslisteoppføring, merkjer du av for
i området og trykkjer deretter på knappen ved sida av avmerkingsboksen. I dialogvindauget trykkjer du på stilen i lista , og trykkjer deretter på indeksnivået for den valde stilen.LibreOffice lagar innhaldsliste basert på disposisjonsnivået i avsnittstilen og avsnittinnhaldet. Viss avsnittet er tomt, vert det ikkje teke med i innhaldslista. Viss du vil tvinga det tomme avsnittet til å verta oppført i innhaldslista, legg du til eit mellomrom eller eit hardt mellomrom til avsnittet. Mellomrom lagt til i tekstfeltet Etter i dialogvindauget «Kapittelnummerering» verkar ikkje for dette føremålet, sidan det er ein del av avsnittnummereringa og ikkje innhaldet i avsnittet.
Gjer éin av desse:
Høgreklikk i innhaldslista og vel Oppdater register/innhaldsliste.
Vel Verktøy → Oppdater → Alle register og innhaldslister.