Unngå deling av visse ord

Dersom du brukar automatisk orddeling på teksten og visse ord vert delte feil, eller dersom du vil at visse ord aldri skal verta delte, kan du slå av deling av desse orda:

  1. Vel → Språk og nasjonale innstillingar → Skrivestøtte

  2. Vel ei ordbok i lista Eigne ordlister, og trykk på Rediger.

    Dersom lista er tom, trykk på Ny for å oppretta ei ordliste.

  3. Skriv inn ordet som ikkje skal delast i boksen Ord, og eit er lik-teikn (=) etter det, for eksempel «fantastisk=».

  4. Trykk på Ny, og deretter Lukk.

tip

For snøgt å unngå at eit ord vert delt, merk det, vel Format → Teikn, trykk på fana Skrift og vel «Ingen» i boksen Språk.


Nokre ord inneheld spesialteikn som LibreOffice handterar som ei deling. Viss du ikkje ønskjer at slike ord skal delast, kan du setja inn ein spesiell kode som forhindrar orddeling på plasseringa der spesialkoden er sett inn. Dette gjer du slik:

  1. Plasser skrivemerket på den staden i teksten der du ikkje vil at eit ord skal verta delt.

  2. Vel Set inn → Formateringsteikn → Ordbindar

    Det innsette formateringsmerket vert vis gråa ut. Du kan fjerna det ganske enkelt ved å setja markøren over merket og trykkja tasten Delete.

Støtt oss!