Gøyma tekst

Du kan bruka felt og bolkar til å gøyma eller visa tekst i dokumentet dersom eit vilkår er møtt.

Før du kan gøyma tekst må du laga ein variabel som skal brukast som vilkår for å gøyma teksten.

Slik lagar du ein variabel

  1. Klikk i dokumentet og vel Set inn → Felt → Fleire felt.

  2. Vel fana Variablar og deretter «Vel variabel» i lista Type.

  3. Vel «Standard» i Formatlista.

  4. Skriv eit namn for variabelen i feltet Namn, for eksempel, Gøym.

  5. Skriv inn ein verdi for variabelen i feltet Verdi , for eksempel 1.

  6. For å gøyma variabelen i dokumentet, vel Usynleg.

  7. Trykk på Set inn og Lukk.

Slik gøymer du tekst

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil leggja til teksten.

  2. Vel Set inn → Felt → Fleire felt og klikk på fana Funksjonar.

  3. Trykk på «Gøymd tekst» i Typelista.

  4. Skriv inn eit vilkår i Vilkårsboksen. Du kan for eksempel bruka variabelen Gøym==1 som du laga tidlegare.

  5. Skriv inn teksten du vil gøyma i feltet Gøymd tekst.

  6. Trykk på Set inn og Lukk.

Slik gøymer du eit avsnitt

  1. Trykk i det avsnittet du vil leggja til teksten.

  2. Vel Set inn → Felt → Fleire felt og klikk på fana Funksjonar.

  3. Trykk på «Gøymt avsnitt» i Typelista.

  4. Skriv inn eit vilkår i Vilkårsboksen. Du kan for eksempel bruka variabelen Gøym==1 som du laga tidlegare.

  5. Trykk på Set inn og Lukk.

Merknadsikon

Du må slå på denne funksjonen ved å fjerna avkryssinga i menyen Vis → Gøymde avsnitt. Ingen avsnitt vert gøymde når dette er avkryssa.


Slik gøymer du ein bolk

  1. Merk teksten du vil gøyma i dokumentet.

  2. Vel Set inn → Bolk.

  3. Vel Gøym i området Gøym og skriv inn eit uttrykk i boksen Vilkår. For eksempel kan du bruka variabelen du laga tidlegare og skriva Gøym==1.

  4. Trykk på Set inn.

Støtt oss!